onsdag 8. juli 2009

Yrande dyreliv!



































Nokre glimt frå tre dagar safari på savanne, i skog og langs elv og innsjø! Wow, Gud har verkeleg laga mange kunstverk i Tanzania! Fantastisk natur, spanande dyr!
Morosamme og leikne bavianar,
elefantar med facinerande snablar på nært hald,
løveflokk som låg og dovna seg, åt, strekte seg og låg på ryggen akkurat som rufus (Kjerstis vofs heime)
nesehorn med unge på langt hold,
flodhestar i "hippo pool" og overraskande to stykk midt i skogen,
sjiraffar med langstrakt hals,
gnuer som er faktisk er skikkeleg stygge dyr,
åtselsdyra gribb, hyene, som forsyner seg av løvenes matrester
villsvin som springer med halen rett opp for å vise veg for småsvina,
timon-liknande smådyr som dukka fram frå hulene sine,
elegante gaseller/antiloper,
bøflar som plutseleg dukka opp gjennom tåka foran bilen
sebraer i så stort antall at gjermund byrja å kalle det for sau
apekattar som ropa til kvarandre, anneli kommuniserte nesten som ein av dei
fuglar med fargar frå eit måleri
pelikan og flamingo og ørn og savannehøne
ein leopardliknande katt som eigentleg er nattdyr (kult at me såg det midt på dagen!)

Ein særs vellukka safari, det var me alle enige om!

mandag 6. juli 2009

SAFARI!

No står me på trappa til å ta avgårde på ein 3- dagers safariopplevelse. Det gledar me oss voldsomt til. Turen går til Ngorogoro- krateret den eine dagen, Tarangire nasjonalpark den andre dagen og Lake Manyara den tredje dagen. Vonar me får sjå alle dei fem store.

Me har ofte blitt vandt til at folk er seint ute her i Afrika. No står sjåføren utafor døra og ventar på oss, ein halvtime før tida. Sensasjon!!:)

Bloggen vert dermed litt dau fram til Torsdag kanskje, så er de informert. Men då håpar me å leggja inn nokre spanande bilete..

Helsing Team Arusha!!

lørdag 4. juli 2009

Kameldikt!

Ein dag me var ute på tur, me traff på dette dyret, som tok seg ein lur.
At denne kamelen var motsatt av ivrig, ja det kunne me sjå, han var slettest ikkje livlig.

Kamelar flest ser late ut, men skinnet kan bedra, om du kjenner Knut.
Nokre turistar kom og ville sitja på, då var han ikkje sein til å reisa seg opp og gå.


















Kamelen Knut!!:)

fredag 3. juli 2009

Trafikken, byen, støvet, støyen og menneskene

Etter snart 14 dager i Afrika så har me byrja og få eit innblikk i korleis trafikken fungerar her nede, eller rettare sagt, korleis den ikkje fungerar, på ein måde. Å samanlikna trafikk frå Norge vert som å samanlikna ein giraff med ein gris og seia, hmm, er dei i slekt? Eit organisert kaos er vel ein grei betegnelse å bruka. I tillegg til at trafikkbilete kan virka litt rotete og ufullstendig for oss, så er det ganske mykje støv og eksos. Kva dei fòrar nokre av bilane med veit ikkje eg, men det kan uansett ikkje vera helsebringande.;)

Hovedvegane her er som regel asfalt, i dette distriktet i alle fall. Tar du forøvrig turen i sentrum av byen så ser du litt av kvart når det gjeld kvalitet. Det som me kanskje betegnar som dårlege traktorvegar heime, kan ofte oppstå midt i byen. I tillegg til det så er ikkje bilane av beste sort heller. Det går i mykje Toyota, og eg tør og påstå om du hadde sendt samtlige gjennom ein norsk EU- kontroll så trur eg ikkje det var så mange som hadde kome gjennom. Heldigvis så er ikkje Tanzania medlem av EU, så det slepp dei å bekymra seg for.;)

Det er fascinerande og gå på byen. I går var me ute og gjekk saman med vår gode venn Phyneous for å kjøpa suvenirer. I eit skikkelig daffetempo tok me fyrst turen til ein resturant for lunch. Afrikanarar generelt et ikkje så mykje som me er vane med. Så det har me blitt minna på både titt og ofte. Mzungos et mykje! Byen består av mange og rare sjapper, i tillegg til påtrengjande gateselgarar. Pruting er eit must, og me har blitt ganske flinke, trur me sjølv. I dei aller fleste tilfellene så kan du dela prisen i to, og kanskje meir enn det utan å få dårlig samvit av den grunn. Det har blitt så mykje pruting i det siste at eg er redd eg kjem til å gjera det same når eg kjem heim til COOPen igjen.:)

I morgon skal me ha Bonanza. Ei fotball/ volleyballturnering for ca 100 ungdommar på storstadion i byen. I forbinding med seminara me har avhaldt frå mandag- onsdag denne veka, så skal dei involverte deltagarane få utdelt kvar sitt sertifikat/ diplom denne dagen, i tillegg til kvar si CHRISC t- skjorte. Dette gjeld for ca 20 deltakarar. Alt dette er finansiert frå midlar som er samla inn det siste året. TAKK til alle bidragsytarar.

Hilsen team Arusha!!:)

onsdag 1. juli 2009

Besøk hos Phyneous!

I kveld vart me invitert i kyrkja til Phyneous. Han er leder for det lokale koret. Der var det ein god mix av unge menn og eldgamle damer. Men rytme, det hadde de alle.















Etter korøvelsen vart me invitert heim til Phyneous, der me fekk innføring i korleis me laga den Afrikanske chiabatti. Det er berre kanongodt! Her er Kjersti og Anneli i full gang.















Litt kjøtt attåt måtte me ha. Eg fekk i oppdrag å drepa geita som stod på utsida.:) Kjøttet fant me i frysaren, akkurat som i Norge.
















Runar fekk den store æra av å steika og tilbereda kjøttet. Det var ganske morosamt syns Phyneous.




















Eg vart facsinert over kor liten plass det eigentleg gjekk ann å trøkka inn stua, kjøkken, soverom og bad i eit rom. Men det var tydeleg meir enn godt nok for han. Toppen 10 m2!:)

KONGEKVELD!