onsdag 16. april 2008

Då var me på nett

Du undrar kanskje på kven me er, og det skal eg fortelja. Me er teamet frå student-KRIK Stavanger (SKRIKS) som er så heldige at me får muligheten til å reisa til Tanzania i regi av CHRISC. I år (2008) er teamet Johannes, Lars Martin, Marie og Marit.

Denne bloggen er tenkt som eit bindeledd mellom utreiseteamet, SKRIKS'erane heima og andre som ynskjer å fylga med på kva me gjer, spesielt medan me er i Tanzania. Denne bloggen har kome igong litt seint, men alle kjenner ordtaket om at det er betre seint en aldri;)

Enn så lenge er det ikkje så mykje å lesa her, men det håpar eg endrar seg med tida. Du er iallefall velkommen tilbake seinare også!

3 kommentarer:

Åsen sa...

Ser bra ut! :D Gler meg til å følgja bloggen, medan de er ute på reis :)

Birte sa...

Hei hei!
Bra jobba Marit!;) Blir spennane å følle me dere;)

Teamreise til Afrika sa...

Hei Tore og Birte! Kjekt at de har funne vegen innom bloggen vår! Håpar de kjem innom både for å lesa og kommentera fleire gonger:)

Og Birte, detta er ikkje berre mi æra;)