onsdag 8. juli 2009

Yrande dyreliv!



































Nokre glimt frå tre dagar safari på savanne, i skog og langs elv og innsjø! Wow, Gud har verkeleg laga mange kunstverk i Tanzania! Fantastisk natur, spanande dyr!
Morosamme og leikne bavianar,
elefantar med facinerande snablar på nært hald,
løveflokk som låg og dovna seg, åt, strekte seg og låg på ryggen akkurat som rufus (Kjerstis vofs heime)
nesehorn med unge på langt hold,
flodhestar i "hippo pool" og overraskande to stykk midt i skogen,
sjiraffar med langstrakt hals,
gnuer som er faktisk er skikkeleg stygge dyr,
åtselsdyra gribb, hyene, som forsyner seg av løvenes matrester
villsvin som springer med halen rett opp for å vise veg for småsvina,
timon-liknande smådyr som dukka fram frå hulene sine,
elegante gaseller/antiloper,
bøflar som plutseleg dukka opp gjennom tåka foran bilen
sebraer i så stort antall at gjermund byrja å kalle det for sau
apekattar som ropa til kvarandre, anneli kommuniserte nesten som ein av dei
fuglar med fargar frå eit måleri
pelikan og flamingo og ørn og savannehøne
ein leopardliknande katt som eigentleg er nattdyr (kult at me såg det midt på dagen!)

Ein særs vellukka safari, det var me alle enige om!

mandag 6. juli 2009

SAFARI!

No står me på trappa til å ta avgårde på ein 3- dagers safariopplevelse. Det gledar me oss voldsomt til. Turen går til Ngorogoro- krateret den eine dagen, Tarangire nasjonalpark den andre dagen og Lake Manyara den tredje dagen. Vonar me får sjå alle dei fem store.

Me har ofte blitt vandt til at folk er seint ute her i Afrika. No står sjåføren utafor døra og ventar på oss, ein halvtime før tida. Sensasjon!!:)

Bloggen vert dermed litt dau fram til Torsdag kanskje, så er de informert. Men då håpar me å leggja inn nokre spanande bilete..

Helsing Team Arusha!!

lørdag 4. juli 2009

Kameldikt!

Ein dag me var ute på tur, me traff på dette dyret, som tok seg ein lur.
At denne kamelen var motsatt av ivrig, ja det kunne me sjå, han var slettest ikkje livlig.

Kamelar flest ser late ut, men skinnet kan bedra, om du kjenner Knut.
Nokre turistar kom og ville sitja på, då var han ikkje sein til å reisa seg opp og gå.


















Kamelen Knut!!:)

fredag 3. juli 2009

Trafikken, byen, støvet, støyen og menneskene

Etter snart 14 dager i Afrika så har me byrja og få eit innblikk i korleis trafikken fungerar her nede, eller rettare sagt, korleis den ikkje fungerar, på ein måde. Å samanlikna trafikk frå Norge vert som å samanlikna ein giraff med ein gris og seia, hmm, er dei i slekt? Eit organisert kaos er vel ein grei betegnelse å bruka. I tillegg til at trafikkbilete kan virka litt rotete og ufullstendig for oss, så er det ganske mykje støv og eksos. Kva dei fòrar nokre av bilane med veit ikkje eg, men det kan uansett ikkje vera helsebringande.;)

Hovedvegane her er som regel asfalt, i dette distriktet i alle fall. Tar du forøvrig turen i sentrum av byen så ser du litt av kvart når det gjeld kvalitet. Det som me kanskje betegnar som dårlege traktorvegar heime, kan ofte oppstå midt i byen. I tillegg til det så er ikkje bilane av beste sort heller. Det går i mykje Toyota, og eg tør og påstå om du hadde sendt samtlige gjennom ein norsk EU- kontroll så trur eg ikkje det var så mange som hadde kome gjennom. Heldigvis så er ikkje Tanzania medlem av EU, så det slepp dei å bekymra seg for.;)

Det er fascinerande og gå på byen. I går var me ute og gjekk saman med vår gode venn Phyneous for å kjøpa suvenirer. I eit skikkelig daffetempo tok me fyrst turen til ein resturant for lunch. Afrikanarar generelt et ikkje så mykje som me er vane med. Så det har me blitt minna på både titt og ofte. Mzungos et mykje! Byen består av mange og rare sjapper, i tillegg til påtrengjande gateselgarar. Pruting er eit must, og me har blitt ganske flinke, trur me sjølv. I dei aller fleste tilfellene så kan du dela prisen i to, og kanskje meir enn det utan å få dårlig samvit av den grunn. Det har blitt så mykje pruting i det siste at eg er redd eg kjem til å gjera det same når eg kjem heim til COOPen igjen.:)

I morgon skal me ha Bonanza. Ei fotball/ volleyballturnering for ca 100 ungdommar på storstadion i byen. I forbinding med seminara me har avhaldt frå mandag- onsdag denne veka, så skal dei involverte deltagarane få utdelt kvar sitt sertifikat/ diplom denne dagen, i tillegg til kvar si CHRISC t- skjorte. Dette gjeld for ca 20 deltakarar. Alt dette er finansiert frå midlar som er samla inn det siste året. TAKK til alle bidragsytarar.

Hilsen team Arusha!!:)

onsdag 1. juli 2009

Besøk hos Phyneous!

I kveld vart me invitert i kyrkja til Phyneous. Han er leder for det lokale koret. Der var det ein god mix av unge menn og eldgamle damer. Men rytme, det hadde de alle.















Etter korøvelsen vart me invitert heim til Phyneous, der me fekk innføring i korleis me laga den Afrikanske chiabatti. Det er berre kanongodt! Her er Kjersti og Anneli i full gang.















Litt kjøtt attåt måtte me ha. Eg fekk i oppdrag å drepa geita som stod på utsida.:) Kjøttet fant me i frysaren, akkurat som i Norge.
















Runar fekk den store æra av å steika og tilbereda kjøttet. Det var ganske morosamt syns Phyneous.




















Eg vart facsinert over kor liten plass det eigentleg gjekk ann å trøkka inn stua, kjøkken, soverom og bad i eit rom. Men det var tydeleg meir enn godt nok for han. Toppen 10 m2!:)

KONGEKVELD!

tirsdag 30. juni 2009

Bildeoppdatering! Ein betydelig ein.:)

Solnedgang i Moshi!
Underhaldning i slangeparken!;)





















Nokre jenter frå CHRISC Arusha

Kicking Aids out games v/ Phineous, distriktskoordinator Arusha


Ein av mange fotballkampar på East African Cup









Me var med på seminar dei hadde
for ungdommane på EAC.


Ungane likte veldig godt kameralinsa, så det var ikkje
vanskeleg å få gode bilete.










Dette hadde eg ikkje trudd om meg sjølve.
Hatar eigentleg slangar....




















Utlevering av utstyr på CHRISC- kontoret
Mange takk til Kjetil på XXL for eksemplarisk service.










Dette var eit blinkskudd eg ikkje kunne
unnvera å leggja ut.










Desse jentene i CHRISC Arusha vart hjartebarna våre.
Eg trur begge leirar falt nokre tårer når me skulle skillast.

søndag 28. juni 2009

Tilbake i Arusha!

I går kveld kl 0030 ca ankom ein sliten gjeng Scripture Mission i Arusha der Per Ove Malmin m/ familie til dagleg held til. Og det var me sannelig glade for. Den kjøreturen gjekk nemleg ikkje heilt etter planen.

Etter å ha teke farvel med Agder, Trondheim og Oslo- teamet i Moshi peika me frå Stavanger og Bergen teamet nasen til Arusha i saman med Per Ove og Vegard Holm. Til saman var me 10 stk i ein Toyota land cruiser som eigentleg berre tek 6 personar. Men i Afrika kan me gjer ting på litt utradisjonelle måtar utan å vera redd for at nokon bryr seg. 3 stk framme, 4 stk i baksetet og 3 stk i "bagasjerommet" med mykje bagasje.

Etter ca 1 times kjøring så skimtar eg to skikkelsar langs vegen, då eg sit fremst. Ein på den venstre sida av vegen og ein på den høgre sida. Personen på den høgre sida tek opp ei lommelykt og lysar rett i augene på Per Ove som køyrer. 2 sekunder etter høyrer me eit kraftig smell. Per Ove spør om alt er greit. Samtlige er ok!

Etter at ting fekk roa seg litt i mørket såg me at ei rute var fullstendig pulverisert. Me stoppar etter ca 5 min for å sjekka om bagasjen som me hadde stroppa på taket framleis låg der. Me ville også finna ut kva slags projektil som fòr gjennom vindauge, men der og då klarte me ikkje finna noko.

Vel framme i Arusha og Scripture Mission byrja tankane om kor heldige me eigentlig hadde vore då me pakka ut bagasjen og såg at ein stein på størrelse med eit pinnsvin hadde fore gjennom vindauget. At ingen av dei som satt på den sida vart truffne anser eg som eit stort under. Gud var med oss og beskytta oss under den ferda, og det vart utruleg sterkt når me samla oss i bønn på plenen etter ankomst.

Denne dagen har vore jevnt over betydeleg mykje roligare. Etter ei hektisk uke på East African Cup hadde me endeleg ein fridag. Etter anbefaling frå Peri så tok me turen til ein slangepark ein halvtimes kjøretur frå Arusha. Der har dei kvar sundag kl 1400, mating til slangane.. hehe! Levande påskekyllingar vart kasta ut i bura, og jakta på av hungrige black mambaer, puffadder, pytonslangar osv. Ikkje for å verta mistenkeleggjort for å vera dyrefiendtleg, men eg syns det var ganske facsinerande show.:)

No i kveld har me hatt eit godt måltid mat i saman med Bergen teamet. Dei skal vidare til Kenya i morgon med buss på humpete vegar. Masse lykke til i det arbeidet dei skal bedriva der!

Me har vore i ein kontinuerlig planleggingsfase av seminara me skal avhalda no dei 3 neste dagane, og det var ein befrielse til å få denne fridagen til å gjer nokre av dei komplette, og klar til utprøving i morgon.

Kjersti har no blitt mykje betre i kroppen, og det takkar me sjølvsagt for. Takk for forbøn!

Biletet nedanfor, som foreløpig er det einaste, visar ankomst til Arusha for litt over ei veke sidan. Me har framleis litt tekniske problem med å få lasta opp bilete, men me jobbar kontinuerlig med saka.

Dette får vera nok for denne gong, men følg med, plutseleg ligg det ein haug med spanande bilete på bloggen!

Mungu akubariki, alle KRIKarar!!





fredag 26. juni 2009

Naa har me vore her snart ei veke. I dag har det vore kvartfinale og semifinale paa East African Cup. Konkurranseinstinktet og prestisjen over aa vinna her er ekstremt sterk. Ikkje det eg er vandt med heime.

I morgon er det den store dagen for finalelaga. Desse kampane skal foregaa paa den store arenaen, der det er venta ca 2000 tilskodarar. Det er iallfall det arrangorane haapar paa. Det kjem til aa verta eit himla liv.

Det store hogdepunktet for oss norske er at me skal spela ein kamp mot arrangorane. Dette er visstnok noko dei gjer kvart aar, og er veldig populaert.

Kjersti har dessverre blitt litt sjuk, og har vore det sidan i gaar kveld. Ta med henne i bonn at ho maa bli frisk.

Elles saa har me det saers triveleg her. Me har blitt godt kjent med alle norske som er representert i dei andre norske CHRISC byane. Det er kjekt.

Etter East African Cup som er ferdig i morgon saa peikar me nasen mot Arusha igjen. Der skal me avhalda seminar fraa mandag til onsdag. Det vert emner som volleyball, frisbee, fundraising mm. Det vert spanande.

No er det berre 5 min med datatid igjen, og paa den tida saa klarar forhapentligvis denne linja oppgaven med aa leggja ut denne oppdateringa.:)

Kwaheli, CHRISC Stavanger og KRIK Bjerkreim!!

torsdag 25. juni 2009

Litt om Tanzania

Hvis noen av dere lurer paa hvorfor det ikke dukker opp noen bilder her, saa kan jeg bare si det slik at det tydeligvis er lettere sagt enn gjort her i Moshi.

Noe vi har funnet ut i Tanzania
1. Se deg foerst til hoyre naar du gaar over veien!!
2. Maten her er kjempebillig (ca. 3000 TSH = 15 kr for en middag med drikke
3. Sola gaar mot klokka og staar hoyest i Nord
4. Middag spises naturligvis uten bestikk
5. Barn fra Ost-Afrika er veldig morsomme aa leke med
6. Solkrem-faktor 50 er totalt unodvendig. Faktor 20 er det meste som trengs, i hvert fall naa om vinteren
7. Det er vinter om sommeren
8. Det er mye mindre mygg her enn man skulle tro
9. Ikke stol paa yr.no naar det gjelder Tanzania. Vaeret er mye finere enn meldt.
10. Ta med oerepropper om du ikke vil vaakne tilig om morgenen, for her liker de musikk.
11. Afrikanere er ekstremt gode aa danse og spille trommer!
12. Afrikanere baerer alt mulig paa hodet
13. Alt tar lang tid her. Alt. Og 10 minutter betyr stort sett 20.

Bilder blir nok ikke lagt ut foer vi er tilbake i Arusha i slutten av uka, der det sannsynligvis er bedre internettilkobling. Naa gaar det stort sett i aa se paa fotballkamper og heie paa CHRISC Arusha.
For mer informasjon om cupen kan du lese her:
EAcup.org

tirsdag 23. juni 2009

Fremme i Moshi

Mambo!

Det har skjedd veldig mye saalangt i oppholdet. Travelt, men laererikt og morsomt.
I gaar oppholdt vi oss i Arusha, der vi moette regionalkoordinatorene I disktriktet. Vi fikk levert fra oss de fire baggene med baller, frisbeer, vester og mye annet som vi hadde med fra Norge. I tillegg pratet vi litt om seminarene og bonanzaen som skal arrangeres neste uke.
I natt har vi sovet paa et hostell i Moshi der vi skal vaere reste av uken sammen med fire andre CHRISC team og mange andre folk som er involverte i CHRISC. For det er her den store fotballcupen East African Cup holdes. Det er 50 paameldte lag til cupen, baade gutter og jenter, fordelt paa to klasser: U13 og U16. Naa skal vi bort aa ta i mot lagene fra landene rundt omkring her. Saa vi maa loepe. Satser paa aa faa slengt ut noen bilder og slikt i kveld! Foelg med!

søndag 21. juni 2009

Siste nytt!


Me sitter nå på misjonsstasjonen i Arusha, TANZANIA! Det var ein lang og til tider litt stressande reise, men me har kome trygt fram, og med eit par gode historiar i reisebagasjen;)

Siste nytt er eit slags ordspill, me har vore sist mange ganger i dag. Det har virka litt som om det var me i Stavanger-teamet som stadig blei sist i køar. Sjølv om me trudde me kom før andre, så plutseleg akselererte dei andre køane og me kom sist. Anyways, me er jau i Afrika, og bør nok bare vera innstilt på venting her og der.

Biletet er frå ein meget stappfull taxi i Nairobi. 6 vaksne personar, 8 store kolli og 4 små sekker inn i ein vanleg stasjonsvogn. Kanskje ikkje ny rekord her, men ny rekord for oss!:D Bussturen til Arusha i Tanzania var humpete (men dei bygger ny veg mange stader nå!) ´, men me fekk jo sjå masse afrikansk natur, masaier og kyr og folkeliv langs vegane.

Framme i Arusha fekk me tak i Peri og Pheneous, henholdsvis norsk og tanzaniansk, og sistnemnte henta oss. Peri har ein skikkeleg KRIK-ånd, og rett etter å ha fora oss med havregryn, var det ut på joggetur! Me var nok dagens severdighet for dei lokale. Eit artig minne for framtida er damer i skjørt som sprang ved sida oss oppover bakkane og lo saman (evt av) oss:D Mzuri sana!

I kveld har me spist eit godt stykke kyllingmåltid og prata med Peri frå Sandnes og Vegard frå Krik sentralt. Nå må me sove, det blir DIGG! I morgo står Moshi for tur, og East African Cup! Blir stas!

PS: I skrivende stund har dei to pinglete mannfolka lagt seg og sover søtt, mens me jentene tar jobben og oppdaterar dykk. Ingen tvil om kven som er det mest uthaldande kjønn!

fredag 19. juni 2009

Tankar før avreise...


I morgo (20.06.09) skal eit KLM fly med fire spente KRIKerar frå Rogaland lette frå Sola Lufthavn! Me skal forhåpentlegvis vera nokså klare, med alt frå malariatabelettar til fjellsko og Bibel i bagasjen.

I tillegg har me med oss ein heil masse sportsutstyr til lokallaga i Arusha og omegn. Dette er kjøpt inn med pengar som me alle har samla inn til CHRISC, gjennom nattcup, misjonsløp og andre arrangement.

Tusen takk til alle som har vore engasjerte detta året, både i Student KRIK Stavanger og KRIK Bjerkreim! Asani sana! (swahili: Tusen takk!) Utan de folkens hadde det ikkje vore mogleg.

I tillegg vil me rette ein stor takk til XXL-sport og Kjetil der, som har vore heilt supre til å hjelpe med bestilling av utstyr til ein meget rimelig pris!

Ver gjerne med å be for turen dei neste tre vekene. Det er Gud som skal vera sjefen over alle sjefer på turen, og me treng hans velsigning og rettleiing.

Her er nokre konkrete bønneemne:

  • Trygg reise, både med fly, buss, bil og anna.
  • At utstyr, seminar og kontakten med dei lokale må bli til velsigning og nytte for CHRISC Tanzania.
  • Helsa vår. At me må vera opppegåande og friske i dei neste tre vekene.
  • Teamet, samhaldet og ”teamspiriten”.
  • Guds velsigning over East African Cup.
  • At me må halde eit rett og godt fokus og ha Gud i sentrum.

tirsdag 16. juni 2009

Teamdeltakarar



Navn: Gjermund Vassbø

Fødd: 27. August i det glade år 1980.

Kva eg gjorde for 10 år sidan: Hmm.. Jobba som lærling på Nor-Dan faktisk.

Kva gjer eg nå: Jobbar i atføringsfirmaet Uninor AS som arbeidsleder på trevareavdelingen. Fantastisk jobb!!:) Ellers mykje KRIK, sykling, friluftsliv, fotografering på fritida.:)

Kva gjer eg om 10 år: Jobbar nok framleis i same bransje, og er nok endå meir engasjert innafor KRIK vil eg tru.

Avkopling for meg: Fjelltur med fluestanga. Bål og kaffi. Kan ikkje bli betre enn å vandra i Guds frie natur der omgjevnadane er fri frå alskens støy og marakkel.

3 adjektiv som skildrar meg i eit nøtteskall: Treningsavhengig, langbein, fargeblind.:)

Kvifor søkte eg til CHRISC- teamet 09?: Fordi eg lenge har hatt eit ynskje om ein gong å få reise til Afrika. I tillegg så brenn eg for alt det som KRIK står for, og har stor respekt for det arbeidet dei har lagt ned i store prosjekt internasjonalt. Det vert kjempespennande å få innblikk i ein del av det og få vera med i arbeidet.

"Empower Young people in East Africa through sports, Health information, Eduacation and the Christian faith"

Min kommentar til sitatet over: Ein uslåeleg kombinasjon

I løpet av opphaldet i Tanzania håpar eg: At eg sit igjen med tankar og betraktningar som kan formidlast på ein levande måte når eg kjem heim igjen. At arbeidet kan bera frukter, og at me får eit nært felleskap i saman med Gud.






Mitt fulle namn: Anneli Pohl
Fødd anno domini: 1983 (19.april)

Kva eg gjorde for 10 års sidan: Gikk på skolen
Kva eg gjer nå: Jobbe med funksjonshemmede i en bolig.
Kva eg gjer om 10 år: Være der Gud vil ha meg og gjør det han vil. Men jeg kunne godt tenkt meg å jobbe som fysioterapeut her i Norge og ha en egen familie.

Avkopling for meg = bøker, musikk, natur ... og ser på sport

3 adjektiv som skildrar meg i eit nøtteskal: sosial, omtenksom, sportidiotisk :)

Kvifor søkte eg til CHRISC-teamet 09? Er engasjert i CHRISC siden i fjor og synes det er veldig spennende å reise ut og treffer folk. KRIK er utrolig bra og jeg har lyst å formidle det til andre. Har veldig lyst å se CHRISC sitt arbeid i Afrika med mine egne øyene slik at jeg kan forestille meg hele prosjekte enda bedre og dermed gjør en bedre jobb her.
Det blir kjempe gøy å bli kjent med de andre på teamet i løpet av de 3 ukene.

“Empower Young people in East Africa through sports, Health information, Education and the Christian faith.”

Min kommentar til sitatet over:Veldig bra tanke – jeg har veldig lyst å gjør min del for å nåe dette!

I løpet av opphaldet i Tanzania håpar eg:
- å treffe mange forskjellige mennesker
- å se mye av CHRISC sitt arbeid der
- å treffe minst mulig mygg
- å oppleve god fellesskap med teamet og Gud
- å ungå å bli syk





Mitt fulle namn: Kjersti Ofte Jakobsen
Fødd anno domini: Det året då Voyager 2 var den første romsonden til å vitje planeten Uranus.

Kva eg gjorde for 10 års sidan: :Eg var prefjortis som spela fotball og prøvde å vera kul i merkeklær!
Kva eg gjer nå: Allmennlærarstudiet i Stavanger, nå med eit års permisjon for eit årsstudium med Friluftsliv i Bø.
Kva eg gjer om 10 år: Hm, håpar eg driv med noko meiningsfullt og trivselsfullt for Gud og medmenneske.

Avkopling for meg
= Sitte ute i skogen og høyre på stillheten/ lesa ei god bok med ein kopp te i handa.

3 adjektiv som skildrar meg i eit nøtteskal: Aktiv, uthaldande og open (på utsida i alle fall)

Kvifor søkte eg til CHRISC-teamet 09?
Eg har lenge vore interessert i idrett. Eg har lenge vore opptatt av misjon. Då kan ein vel trygt sei at CHRISC passar godt:) Eg er for øvrig bitt av reisebasillen, og eventyr i Afrika var ikkje å forakte!

“Empower Young people in East Africa through sports, Health information, Education and the Christian faith.”

Min kommentar til sitatet over: Her er det samla mykje visdom i eit sitat, dei unge er framtida og treng både sport, helse, utdanning og Jesus, i Tanzania, så vel som i Noreg.

I løpet av opphaldet i Tanzania håpar eg:
- Å gi til og få frå kommande afrikanske vener
- Sjå mange rare og folk og dyr
- Sjå ein solnedgang/soloppgang over savannen og synge ”I en sirkel av liv”
- Danse til afrikanske trommer og smake på rar mat
- Lære meir om misjon og samarbeid på tvers av kulturar
- Sjå konkret at det nyttar å hjelpe






Navn:
Runar Eike Toft

Født: 21. April 1988

Hva jeg gjorde for 10 år siden: Utenom å sitte på skolebenken var jeg en veldig aktiv fotballspiller (Heia Ulf!) som andre gutter i den tiden. I tillegg var jeg selvsagt også en aktiv pokemonkort-samler og -spiller.

Hva gjør jeg nå: Jeg er i gang med petroleumsteknologistudiet og har nå fullført det første av fem år. Ellers er jeg aktiv KRIKer, elsker å spille fotball, (beach)volleyball, drive med sportsklatring, gå turer i skog og fjell, gå/kjøre på ski og generelt de aller fleste former for friluftsliv.

Hva gjør jeg om 10 år: Jeg sier alltid at "jeg tar det som det kommer" eller "lever i nuet" (eller hva nå...), så tanken streifer meg lite. Men jeg satser på å ha kone og jobb, drive med alt det der som står under forrige spørsmål, og ha det gøy.

Avkopling for meg: Å dra på en primitiv telttur i fjellet uten mål og mening og la klokka ligge igjen hjemme.

3 adjektiv som skildrer meg i et nøtteskall: Glad, impulsiv og litt vimsete.

Hvorfor søkte jeg til CHRISC- teamet 09?: Fordi det virket spennende å få være med på det flotte arbeidet som blir gjort i Øst-Afrika.

"Empower Young people in East Africa through sports, Health information, Eduacation and the Christian faith"

Min kommentar til sitatet over: En viktig og knallbra visjon.

I løpet av oppholdet i Tanzania håper jeg:
- Å spre glede og inspirasjon og selv bli inspirert
- Å bli kjent med mange nye folk
- Å få en drøss av flotte opplevelser sammen med lokalbefolkningen

fredag 5. juni 2009

CHRISCs utreiseteam frå Rogaland 2009


For de som oppdaterar dykk kvar dag på denne bloggen i håp om at det skal skje oppdateringar, så har det ynskje no blitt oppfylt. Men eg reknar med at de har gitt opp for lenge sidan, så dette avsnittet trengte eg vel strengt tatt ikkje skreve.

Uansett, no er eit nytt team snart klar for utreise, og det vert utruleg spanande. Om litt over 2 veker så er me på vingene på veg ned til Afrika, Tanzania, nærare bestemt Arusha.

Der skal me i 3 veker bli kjent med lokalbefolkningen, vera heiagjeng på ein stor fotballcup i regi av CHRISC, avhalda seminar, safari og ferie. CHRISC står for "christian sportscontact". Idrett samlar, og det er ein unik måte å få menneske til å koma nærare det som me trur på, nemleg Gud vår Far i himmelen. Det trur eg samtlige KRIKarar har erfart gjennom det arbeide KRIK gjer. Eg trur me alle i teamet føler eit stort privelegium å få moglegheita til å ta denne turen. Eg gler meg som ein bitte liten unge!!

Dette er bloggen som me skal prøva å bli flinke til å bruka. Det er ikkje sikkert me kjem til å bli flinke, men me skal prøva så godt som me kan. Erfaringsmessig frå tidligare utreise så er vel planane om oppdateringar ofte meir ambisiøse enn realistiske. Så me held oss på ei realistisk linje. Eg seier ikkje meir om det.:)

Utreiseteam 2009 består av Anneli Pohl, Runar Eike Toft, Kjersti Ofte Jakobsen og Gjermund Vassbø.

Litt info m/ bilde kjem fortløpande!! Håpar eg..:)

torsdag 4. juni 2009