onsdag 8. juli 2009

Yrande dyreliv!



































Nokre glimt frå tre dagar safari på savanne, i skog og langs elv og innsjø! Wow, Gud har verkeleg laga mange kunstverk i Tanzania! Fantastisk natur, spanande dyr!
Morosamme og leikne bavianar,
elefantar med facinerande snablar på nært hald,
løveflokk som låg og dovna seg, åt, strekte seg og låg på ryggen akkurat som rufus (Kjerstis vofs heime)
nesehorn med unge på langt hold,
flodhestar i "hippo pool" og overraskande to stykk midt i skogen,
sjiraffar med langstrakt hals,
gnuer som er faktisk er skikkeleg stygge dyr,
åtselsdyra gribb, hyene, som forsyner seg av løvenes matrester
villsvin som springer med halen rett opp for å vise veg for småsvina,
timon-liknande smådyr som dukka fram frå hulene sine,
elegante gaseller/antiloper,
bøflar som plutseleg dukka opp gjennom tåka foran bilen
sebraer i så stort antall at gjermund byrja å kalle det for sau
apekattar som ropa til kvarandre, anneli kommuniserte nesten som ein av dei
fuglar med fargar frå eit måleri
pelikan og flamingo og ørn og savannehøne
ein leopardliknande katt som eigentleg er nattdyr (kult at me såg det midt på dagen!)

Ein særs vellukka safari, det var me alle enige om!

1 kommentar:

Birgitte sa...

Hurra for sauer! Safari ser utruleg spanande ut. Sikker på at bileta ikkje er henta frå diverse stader på nettet?? Ha ein fortsatt fin tur, også dei siste dagane!
-Birgitte