lørdag 7. juni 2008

Under ei veka igjen...

Eksamnane er snart historie og sommarfeiren står for tur. Vaksiner er tokne, utstyr er handla inn og før me veit ordet av det sit me spente på eit fly til eit land og ein kultur me skal få betre kjennskap til.

På førstkomande fredag 13. juni, er den store utreisedagen. Då skal me bera tunge bører med bagasje, men det skal skje med eit smil på lur, for det er jo ei gleda å få kunna ta med seg 4 STORE kolli med utsyr til Tanzania. Her kan det nemnast både fotballar, volleyballar, vestar, lagband og frisbeear med meire. Men dette hadde me ikkje klara på eiga hand! Og derfor nyttar me nå høvet til å takka til alle som har støtta prosjeket, engasjert seg og/eller på ein eller annan måte hjelpt til. Dette gjeld både bedrifter, organisasjonar og privatpersonar! Tusen takk!

Medan me tel ned på dagar, er det endå ein del praktiske gjeremål som skal gjerast og ein eksamen som skal skrivast.

Me les på nokre gloser på swahili og me kjem ikkje utanom "hakuna matata" som tyder inga bekymring/problem, og som visstnok blir sagt ganske ofte i Tanzania. Men alt er ikkje lett og bekymringslaust hjå oss, og derfor tykkjer me det er kjekt om de heima vil be eller ha oss i tankane medan me er på tur.

1 kommentar:

Birte sa...

Hei! E d bare meg som vent spent på oppdateringer eller?...;)