onsdag 1. juli 2009

Besøk hos Phyneous!

I kveld vart me invitert i kyrkja til Phyneous. Han er leder for det lokale koret. Der var det ein god mix av unge menn og eldgamle damer. Men rytme, det hadde de alle.















Etter korøvelsen vart me invitert heim til Phyneous, der me fekk innføring i korleis me laga den Afrikanske chiabatti. Det er berre kanongodt! Her er Kjersti og Anneli i full gang.















Litt kjøtt attåt måtte me ha. Eg fekk i oppdrag å drepa geita som stod på utsida.:) Kjøttet fant me i frysaren, akkurat som i Norge.
















Runar fekk den store æra av å steika og tilbereda kjøttet. Det var ganske morosamt syns Phyneous.




















Eg vart facsinert over kor liten plass det eigentleg gjekk ann å trøkka inn stua, kjøkken, soverom og bad i eit rom. Men det var tydeleg meir enn godt nok for han. Toppen 10 m2!:)

KONGEKVELD!

2 kommentarer:

Torgeir sa...

Ser ut som dere har det glimmers i Tanz! Hils alle i teamet! Til oppmuntring er det mellom 25 og 30 grader i Stavanger og om dagen ;)

Marit sa...

Hei og hå!
Detta såg knallkjekt ut! Laga afrikansk mat og greier! Så stas!! Kanskje må de halda kurs i tanzanianske mattradisjonar når de kjem heim;)