fredag 3. juli 2009

Trafikken, byen, støvet, støyen og menneskene

Etter snart 14 dager i Afrika så har me byrja og få eit innblikk i korleis trafikken fungerar her nede, eller rettare sagt, korleis den ikkje fungerar, på ein måde. Å samanlikna trafikk frå Norge vert som å samanlikna ein giraff med ein gris og seia, hmm, er dei i slekt? Eit organisert kaos er vel ein grei betegnelse å bruka. I tillegg til at trafikkbilete kan virka litt rotete og ufullstendig for oss, så er det ganske mykje støv og eksos. Kva dei fòrar nokre av bilane med veit ikkje eg, men det kan uansett ikkje vera helsebringande.;)

Hovedvegane her er som regel asfalt, i dette distriktet i alle fall. Tar du forøvrig turen i sentrum av byen så ser du litt av kvart når det gjeld kvalitet. Det som me kanskje betegnar som dårlege traktorvegar heime, kan ofte oppstå midt i byen. I tillegg til det så er ikkje bilane av beste sort heller. Det går i mykje Toyota, og eg tør og påstå om du hadde sendt samtlige gjennom ein norsk EU- kontroll så trur eg ikkje det var så mange som hadde kome gjennom. Heldigvis så er ikkje Tanzania medlem av EU, så det slepp dei å bekymra seg for.;)

Det er fascinerande og gå på byen. I går var me ute og gjekk saman med vår gode venn Phyneous for å kjøpa suvenirer. I eit skikkelig daffetempo tok me fyrst turen til ein resturant for lunch. Afrikanarar generelt et ikkje så mykje som me er vane med. Så det har me blitt minna på både titt og ofte. Mzungos et mykje! Byen består av mange og rare sjapper, i tillegg til påtrengjande gateselgarar. Pruting er eit must, og me har blitt ganske flinke, trur me sjølv. I dei aller fleste tilfellene så kan du dela prisen i to, og kanskje meir enn det utan å få dårlig samvit av den grunn. Det har blitt så mykje pruting i det siste at eg er redd eg kjem til å gjera det same når eg kjem heim til COOPen igjen.:)

I morgon skal me ha Bonanza. Ei fotball/ volleyballturnering for ca 100 ungdommar på storstadion i byen. I forbinding med seminara me har avhaldt frå mandag- onsdag denne veka, så skal dei involverte deltagarane få utdelt kvar sitt sertifikat/ diplom denne dagen, i tillegg til kvar si CHRISC t- skjorte. Dette gjeld for ca 20 deltakarar. Alt dette er finansiert frå midlar som er samla inn det siste året. TAKK til alle bidragsytarar.

Hilsen team Arusha!!:)

Ingen kommentarer: