mandag 28. juni 2010

Blogg måndag 28. juni 2010




Blogg mandag 28. juni 2010

Hei kjære lesar! Frithjof her igjen.


Etter eit halvvegs vellukka forsøk på å snorka dei andre ut av huset i natt, drog Tommy og Marianne i dag tidleg på safari. Det tragiske resultatet er at eg er forlatt i saman med to jenter. Eg kjenner på trongen til å laga ein film med tittel ”Help! I just got abandoned with two girls in Arusha, Tanzania”.


Me tilbrakte store delar av dagen i dag på Arusha Lutheran Medical Center for å få ut legeattestar på at eg og Charlotte faktisk har hatt matforgiftning, og dei fekk me til slutt. Me gler oss til å henga dei opp på veggen heime! Anneli har gjort ein fantastisk jobb med å ta seg av oss sjukingar.


Elles vil eg nytta høvet til å sjå litt bakover i tid. Sist veke var me om kjend i Moshi, på East African Cup. Somme av oss fekk bidrege i kjøkkentenesta, det var svært kjekt. Spesielt Vidar frå CHRISC Bergen vart varm i trøya der, til slutt vart han kalla ”bongo” (innfødd) av den lokale bakaren som hadde teke turen heilt frå Dar es Salaam for å driva kjøkkenet. Me andre måtte nøya oss med ”muzungu” (kviting). Vidar påstod óg å ha fått tilbod om å flytta til Dar es Salaam for å arbeida i bakeriet til bakaren.


Bileta i denne bloggen syner høneslakting, representert ved Frithjof i kvit t-skjorte (Khan’s bilverkstad og grillrestaurant) og Vidar i den blå EAC-trøya. Den tragiske historien bak knainga av mandasi-deig er at kjøkkengjengen hadde brukt fem timar på å lage deig, ”heva han”, baka og trykka ut mandasiar (slik me trykkar ut (pepar)kakemenn) for så å finna ut at dei hadde gløymt gjær og alt måtte gjerast på ny… Det siste biletet er ein analyse frå ein av gruppekampane, der me avslører manglande taktikk frå det kvitkledde laget si side.

Ingen kommentarer: