onsdag 18. juni 2008

Me har endeleg faatt sjaa Kilimanjaro

Grunna litt overskya ver har me ikkje faatt sjaa Afrika sitt hoegaste fjell foer i gaar. Men det var eit flott skue som var verdt aa venta paa. I gaar fekk me ogsaa oppleva sol og varme, slik som det brukar aa vera paa denne tida av aaret. Naa er det etter regntida og det skulle igrunn ikkje vore saa mykje regn (ikkje at det er saa mykje heller, men det sprett litt naa og daa), men mest om nettene, saa det gjer ikkje noko.

Seminara gaar fint. Me har ein del seminar, men education manager'en i Tanzania har ogsaa hatt eit seminar. Dette var i leiarskap og det var noko han hadde greie paa! Kjekt aa sjaa!

I gaar vart det fotballspeling, noko som var veldig kjekt! Lagdelinga skjoente eg fort korleis foeregjekk, eg vart staaande medan dei andre (gutane) gjekk til kvart sitt lag, ein etter ein... Det var ein kjent sak at jentene ikkje var dei beste i fotballen og eg tenkjer dei konkluderte rett i at eg ikkje var saa stodig i fotballen eg heller. Men eg kan mykje anna, saa det er ikkje saa farleg. Eg kan til doemes telja til 29 paa swahili og det er jo ikkje saa gale;)

Kjekt at det er folk innom bloggen vaar og les og kommenterer! Det set me pris paa! Haapar det er lettare aa lesa naa som det ikkje er rare krussedullar istaden for dei tri siste bokstavane i alfabetet vaart.

2 kommentarer:

Birte sa...

hellu hellu! Se på d! Der hadde t komt oppdateringer ja! Så koselig å lese! Hørres ut som dokke har d heilt knall!! Lykke til videre! Klem

Åsen sa...

Ein må jo fylgja med på kva som skjer med global-krik-teamet vårt! :D Og det passa godt med ein pause i telefonsvaringa og :P