tirsdag 30. juni 2009

Bildeoppdatering! Ein betydelig ein.:)

Solnedgang i Moshi!
Underhaldning i slangeparken!;)





















Nokre jenter frå CHRISC Arusha

Kicking Aids out games v/ Phineous, distriktskoordinator Arusha


Ein av mange fotballkampar på East African Cup









Me var med på seminar dei hadde
for ungdommane på EAC.


Ungane likte veldig godt kameralinsa, så det var ikkje
vanskeleg å få gode bilete.










Dette hadde eg ikkje trudd om meg sjølve.
Hatar eigentleg slangar....




















Utlevering av utstyr på CHRISC- kontoret
Mange takk til Kjetil på XXL for eksemplarisk service.










Dette var eit blinkskudd eg ikkje kunne
unnvera å leggja ut.










Desse jentene i CHRISC Arusha vart hjartebarna våre.
Eg trur begge leirar falt nokre tårer når me skulle skillast.

søndag 28. juni 2009

Tilbake i Arusha!

I går kveld kl 0030 ca ankom ein sliten gjeng Scripture Mission i Arusha der Per Ove Malmin m/ familie til dagleg held til. Og det var me sannelig glade for. Den kjøreturen gjekk nemleg ikkje heilt etter planen.

Etter å ha teke farvel med Agder, Trondheim og Oslo- teamet i Moshi peika me frå Stavanger og Bergen teamet nasen til Arusha i saman med Per Ove og Vegard Holm. Til saman var me 10 stk i ein Toyota land cruiser som eigentleg berre tek 6 personar. Men i Afrika kan me gjer ting på litt utradisjonelle måtar utan å vera redd for at nokon bryr seg. 3 stk framme, 4 stk i baksetet og 3 stk i "bagasjerommet" med mykje bagasje.

Etter ca 1 times kjøring så skimtar eg to skikkelsar langs vegen, då eg sit fremst. Ein på den venstre sida av vegen og ein på den høgre sida. Personen på den høgre sida tek opp ei lommelykt og lysar rett i augene på Per Ove som køyrer. 2 sekunder etter høyrer me eit kraftig smell. Per Ove spør om alt er greit. Samtlige er ok!

Etter at ting fekk roa seg litt i mørket såg me at ei rute var fullstendig pulverisert. Me stoppar etter ca 5 min for å sjekka om bagasjen som me hadde stroppa på taket framleis låg der. Me ville også finna ut kva slags projektil som fòr gjennom vindauge, men der og då klarte me ikkje finna noko.

Vel framme i Arusha og Scripture Mission byrja tankane om kor heldige me eigentlig hadde vore då me pakka ut bagasjen og såg at ein stein på størrelse med eit pinnsvin hadde fore gjennom vindauget. At ingen av dei som satt på den sida vart truffne anser eg som eit stort under. Gud var med oss og beskytta oss under den ferda, og det vart utruleg sterkt når me samla oss i bønn på plenen etter ankomst.

Denne dagen har vore jevnt over betydeleg mykje roligare. Etter ei hektisk uke på East African Cup hadde me endeleg ein fridag. Etter anbefaling frå Peri så tok me turen til ein slangepark ein halvtimes kjøretur frå Arusha. Der har dei kvar sundag kl 1400, mating til slangane.. hehe! Levande påskekyllingar vart kasta ut i bura, og jakta på av hungrige black mambaer, puffadder, pytonslangar osv. Ikkje for å verta mistenkeleggjort for å vera dyrefiendtleg, men eg syns det var ganske facsinerande show.:)

No i kveld har me hatt eit godt måltid mat i saman med Bergen teamet. Dei skal vidare til Kenya i morgon med buss på humpete vegar. Masse lykke til i det arbeidet dei skal bedriva der!

Me har vore i ein kontinuerlig planleggingsfase av seminara me skal avhalda no dei 3 neste dagane, og det var ein befrielse til å få denne fridagen til å gjer nokre av dei komplette, og klar til utprøving i morgon.

Kjersti har no blitt mykje betre i kroppen, og det takkar me sjølvsagt for. Takk for forbøn!

Biletet nedanfor, som foreløpig er det einaste, visar ankomst til Arusha for litt over ei veke sidan. Me har framleis litt tekniske problem med å få lasta opp bilete, men me jobbar kontinuerlig med saka.

Dette får vera nok for denne gong, men følg med, plutseleg ligg det ein haug med spanande bilete på bloggen!

Mungu akubariki, alle KRIKarar!!





fredag 26. juni 2009

Naa har me vore her snart ei veke. I dag har det vore kvartfinale og semifinale paa East African Cup. Konkurranseinstinktet og prestisjen over aa vinna her er ekstremt sterk. Ikkje det eg er vandt med heime.

I morgon er det den store dagen for finalelaga. Desse kampane skal foregaa paa den store arenaen, der det er venta ca 2000 tilskodarar. Det er iallfall det arrangorane haapar paa. Det kjem til aa verta eit himla liv.

Det store hogdepunktet for oss norske er at me skal spela ein kamp mot arrangorane. Dette er visstnok noko dei gjer kvart aar, og er veldig populaert.

Kjersti har dessverre blitt litt sjuk, og har vore det sidan i gaar kveld. Ta med henne i bonn at ho maa bli frisk.

Elles saa har me det saers triveleg her. Me har blitt godt kjent med alle norske som er representert i dei andre norske CHRISC byane. Det er kjekt.

Etter East African Cup som er ferdig i morgon saa peikar me nasen mot Arusha igjen. Der skal me avhalda seminar fraa mandag til onsdag. Det vert emner som volleyball, frisbee, fundraising mm. Det vert spanande.

No er det berre 5 min med datatid igjen, og paa den tida saa klarar forhapentligvis denne linja oppgaven med aa leggja ut denne oppdateringa.:)

Kwaheli, CHRISC Stavanger og KRIK Bjerkreim!!

torsdag 25. juni 2009

Litt om Tanzania

Hvis noen av dere lurer paa hvorfor det ikke dukker opp noen bilder her, saa kan jeg bare si det slik at det tydeligvis er lettere sagt enn gjort her i Moshi.

Noe vi har funnet ut i Tanzania
1. Se deg foerst til hoyre naar du gaar over veien!!
2. Maten her er kjempebillig (ca. 3000 TSH = 15 kr for en middag med drikke
3. Sola gaar mot klokka og staar hoyest i Nord
4. Middag spises naturligvis uten bestikk
5. Barn fra Ost-Afrika er veldig morsomme aa leke med
6. Solkrem-faktor 50 er totalt unodvendig. Faktor 20 er det meste som trengs, i hvert fall naa om vinteren
7. Det er vinter om sommeren
8. Det er mye mindre mygg her enn man skulle tro
9. Ikke stol paa yr.no naar det gjelder Tanzania. Vaeret er mye finere enn meldt.
10. Ta med oerepropper om du ikke vil vaakne tilig om morgenen, for her liker de musikk.
11. Afrikanere er ekstremt gode aa danse og spille trommer!
12. Afrikanere baerer alt mulig paa hodet
13. Alt tar lang tid her. Alt. Og 10 minutter betyr stort sett 20.

Bilder blir nok ikke lagt ut foer vi er tilbake i Arusha i slutten av uka, der det sannsynligvis er bedre internettilkobling. Naa gaar det stort sett i aa se paa fotballkamper og heie paa CHRISC Arusha.
For mer informasjon om cupen kan du lese her:
EAcup.org

tirsdag 23. juni 2009

Fremme i Moshi

Mambo!

Det har skjedd veldig mye saalangt i oppholdet. Travelt, men laererikt og morsomt.
I gaar oppholdt vi oss i Arusha, der vi moette regionalkoordinatorene I disktriktet. Vi fikk levert fra oss de fire baggene med baller, frisbeer, vester og mye annet som vi hadde med fra Norge. I tillegg pratet vi litt om seminarene og bonanzaen som skal arrangeres neste uke.
I natt har vi sovet paa et hostell i Moshi der vi skal vaere reste av uken sammen med fire andre CHRISC team og mange andre folk som er involverte i CHRISC. For det er her den store fotballcupen East African Cup holdes. Det er 50 paameldte lag til cupen, baade gutter og jenter, fordelt paa to klasser: U13 og U16. Naa skal vi bort aa ta i mot lagene fra landene rundt omkring her. Saa vi maa loepe. Satser paa aa faa slengt ut noen bilder og slikt i kveld! Foelg med!

søndag 21. juni 2009

Siste nytt!


Me sitter nå på misjonsstasjonen i Arusha, TANZANIA! Det var ein lang og til tider litt stressande reise, men me har kome trygt fram, og med eit par gode historiar i reisebagasjen;)

Siste nytt er eit slags ordspill, me har vore sist mange ganger i dag. Det har virka litt som om det var me i Stavanger-teamet som stadig blei sist i køar. Sjølv om me trudde me kom før andre, så plutseleg akselererte dei andre køane og me kom sist. Anyways, me er jau i Afrika, og bør nok bare vera innstilt på venting her og der.

Biletet er frå ein meget stappfull taxi i Nairobi. 6 vaksne personar, 8 store kolli og 4 små sekker inn i ein vanleg stasjonsvogn. Kanskje ikkje ny rekord her, men ny rekord for oss!:D Bussturen til Arusha i Tanzania var humpete (men dei bygger ny veg mange stader nå!) ´, men me fekk jo sjå masse afrikansk natur, masaier og kyr og folkeliv langs vegane.

Framme i Arusha fekk me tak i Peri og Pheneous, henholdsvis norsk og tanzaniansk, og sistnemnte henta oss. Peri har ein skikkeleg KRIK-ånd, og rett etter å ha fora oss med havregryn, var det ut på joggetur! Me var nok dagens severdighet for dei lokale. Eit artig minne for framtida er damer i skjørt som sprang ved sida oss oppover bakkane og lo saman (evt av) oss:D Mzuri sana!

I kveld har me spist eit godt stykke kyllingmåltid og prata med Peri frå Sandnes og Vegard frå Krik sentralt. Nå må me sove, det blir DIGG! I morgo står Moshi for tur, og East African Cup! Blir stas!

PS: I skrivende stund har dei to pinglete mannfolka lagt seg og sover søtt, mens me jentene tar jobben og oppdaterar dykk. Ingen tvil om kven som er det mest uthaldande kjønn!

fredag 19. juni 2009

Tankar før avreise...


I morgo (20.06.09) skal eit KLM fly med fire spente KRIKerar frå Rogaland lette frå Sola Lufthavn! Me skal forhåpentlegvis vera nokså klare, med alt frå malariatabelettar til fjellsko og Bibel i bagasjen.

I tillegg har me med oss ein heil masse sportsutstyr til lokallaga i Arusha og omegn. Dette er kjøpt inn med pengar som me alle har samla inn til CHRISC, gjennom nattcup, misjonsløp og andre arrangement.

Tusen takk til alle som har vore engasjerte detta året, både i Student KRIK Stavanger og KRIK Bjerkreim! Asani sana! (swahili: Tusen takk!) Utan de folkens hadde det ikkje vore mogleg.

I tillegg vil me rette ein stor takk til XXL-sport og Kjetil der, som har vore heilt supre til å hjelpe med bestilling av utstyr til ein meget rimelig pris!

Ver gjerne med å be for turen dei neste tre vekene. Det er Gud som skal vera sjefen over alle sjefer på turen, og me treng hans velsigning og rettleiing.

Her er nokre konkrete bønneemne:

  • Trygg reise, både med fly, buss, bil og anna.
  • At utstyr, seminar og kontakten med dei lokale må bli til velsigning og nytte for CHRISC Tanzania.
  • Helsa vår. At me må vera opppegåande og friske i dei neste tre vekene.
  • Teamet, samhaldet og ”teamspiriten”.
  • Guds velsigning over East African Cup.
  • At me må halde eit rett og godt fokus og ha Gud i sentrum.