
I morgo (20.06.09) skal eit KLM fly med fire spente KRIKerar frå Rogaland lette frå Sola Lufthavn! Me skal forhåpentlegvis vera nokså klare, med alt frå malariatabelettar til fjellsko og Bibel i bagasjen.
I tillegg har me med oss ein heil masse sportsutstyr til lokallaga i Arusha og omegn. Dette er kjøpt inn med pengar som me alle har samla inn til CHRISC, gjennom nattcup, misjonsløp og andre arrangement.
I tillegg vil me rette ein stor takk til XXL-sport og Kjetil der, som har vore heilt supre til å hjelpe med bestilling av utstyr til ein meget rimelig pris!
Ver gjerne med å be for turen dei neste tre vekene. Det er Gud som skal vera sjefen over alle sjefer på turen, og me treng hans velsigning og rettleiing.
Her er nokre konkrete bønneemne:
- Trygg reise, både med fly, buss, bil og anna.
- At utstyr, seminar og kontakten med dei lokale må bli til velsigning og nytte for CHRISC Tanzania.
- Helsa vår. At me må vera opppegåande og friske i dei neste tre vekene.
- Teamet, samhaldet og ”teamspiriten”.
- Guds velsigning over East African Cup.
- At me må halde eit rett og godt fokus og ha Gud i sentrum.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar