fredag 26. juni 2009

Naa har me vore her snart ei veke. I dag har det vore kvartfinale og semifinale paa East African Cup. Konkurranseinstinktet og prestisjen over aa vinna her er ekstremt sterk. Ikkje det eg er vandt med heime.

I morgon er det den store dagen for finalelaga. Desse kampane skal foregaa paa den store arenaen, der det er venta ca 2000 tilskodarar. Det er iallfall det arrangorane haapar paa. Det kjem til aa verta eit himla liv.

Det store hogdepunktet for oss norske er at me skal spela ein kamp mot arrangorane. Dette er visstnok noko dei gjer kvart aar, og er veldig populaert.

Kjersti har dessverre blitt litt sjuk, og har vore det sidan i gaar kveld. Ta med henne i bonn at ho maa bli frisk.

Elles saa har me det saers triveleg her. Me har blitt godt kjent med alle norske som er representert i dei andre norske CHRISC byane. Det er kjekt.

Etter East African Cup som er ferdig i morgon saa peikar me nasen mot Arusha igjen. Der skal me avhalda seminar fraa mandag til onsdag. Det vert emner som volleyball, frisbee, fundraising mm. Det vert spanande.

No er det berre 5 min med datatid igjen, og paa den tida saa klarar forhapentligvis denne linja oppgaven med aa leggja ut denne oppdateringa.:)

Kwaheli, CHRISC Stavanger og KRIK Bjerkreim!!

1 kommentar:

Malene sa...

Skal hugse å be for Kjersti!

Høyres utruleg kjekt ut å vere der..Wish I was there too!!

KLEM til alle=)