søndag 21. juni 2009

Siste nytt!


Me sitter nå på misjonsstasjonen i Arusha, TANZANIA! Det var ein lang og til tider litt stressande reise, men me har kome trygt fram, og med eit par gode historiar i reisebagasjen;)

Siste nytt er eit slags ordspill, me har vore sist mange ganger i dag. Det har virka litt som om det var me i Stavanger-teamet som stadig blei sist i køar. Sjølv om me trudde me kom før andre, så plutseleg akselererte dei andre køane og me kom sist. Anyways, me er jau i Afrika, og bør nok bare vera innstilt på venting her og der.

Biletet er frå ein meget stappfull taxi i Nairobi. 6 vaksne personar, 8 store kolli og 4 små sekker inn i ein vanleg stasjonsvogn. Kanskje ikkje ny rekord her, men ny rekord for oss!:D Bussturen til Arusha i Tanzania var humpete (men dei bygger ny veg mange stader nå!) ´, men me fekk jo sjå masse afrikansk natur, masaier og kyr og folkeliv langs vegane.

Framme i Arusha fekk me tak i Peri og Pheneous, henholdsvis norsk og tanzaniansk, og sistnemnte henta oss. Peri har ein skikkeleg KRIK-ånd, og rett etter å ha fora oss med havregryn, var det ut på joggetur! Me var nok dagens severdighet for dei lokale. Eit artig minne for framtida er damer i skjørt som sprang ved sida oss oppover bakkane og lo saman (evt av) oss:D Mzuri sana!

I kveld har me spist eit godt stykke kyllingmåltid og prata med Peri frå Sandnes og Vegard frå Krik sentralt. Nå må me sove, det blir DIGG! I morgo står Moshi for tur, og East African Cup! Blir stas!

PS: I skrivende stund har dei to pinglete mannfolka lagt seg og sover søtt, mens me jentene tar jobben og oppdaterar dykk. Ingen tvil om kven som er det mest uthaldande kjønn!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Hei! Takk for oppdatering, spanande å fylgja med på korleis det går med dykk! De må kosa dykk med East Africa Cup, og må Gud signa arbeidet dykkar. Mvh. Børge.

Trine Selvikvåg sa...

Kjekt å sjå at dåkke æ vel framme. Lykke te, og kos dåkke masse på cupen =) Cup æ jilt! Heia dåkke!

Malene sa...

Hehe, heia jentene!!
Vi jenter her i Norge set i alle fall pris på oppdateringa! Eh...sana=)