søndag 28. juni 2009

Tilbake i Arusha!

I går kveld kl 0030 ca ankom ein sliten gjeng Scripture Mission i Arusha der Per Ove Malmin m/ familie til dagleg held til. Og det var me sannelig glade for. Den kjøreturen gjekk nemleg ikkje heilt etter planen.

Etter å ha teke farvel med Agder, Trondheim og Oslo- teamet i Moshi peika me frå Stavanger og Bergen teamet nasen til Arusha i saman med Per Ove og Vegard Holm. Til saman var me 10 stk i ein Toyota land cruiser som eigentleg berre tek 6 personar. Men i Afrika kan me gjer ting på litt utradisjonelle måtar utan å vera redd for at nokon bryr seg. 3 stk framme, 4 stk i baksetet og 3 stk i "bagasjerommet" med mykje bagasje.

Etter ca 1 times kjøring så skimtar eg to skikkelsar langs vegen, då eg sit fremst. Ein på den venstre sida av vegen og ein på den høgre sida. Personen på den høgre sida tek opp ei lommelykt og lysar rett i augene på Per Ove som køyrer. 2 sekunder etter høyrer me eit kraftig smell. Per Ove spør om alt er greit. Samtlige er ok!

Etter at ting fekk roa seg litt i mørket såg me at ei rute var fullstendig pulverisert. Me stoppar etter ca 5 min for å sjekka om bagasjen som me hadde stroppa på taket framleis låg der. Me ville også finna ut kva slags projektil som fòr gjennom vindauge, men der og då klarte me ikkje finna noko.

Vel framme i Arusha og Scripture Mission byrja tankane om kor heldige me eigentlig hadde vore då me pakka ut bagasjen og såg at ein stein på størrelse med eit pinnsvin hadde fore gjennom vindauget. At ingen av dei som satt på den sida vart truffne anser eg som eit stort under. Gud var med oss og beskytta oss under den ferda, og det vart utruleg sterkt når me samla oss i bønn på plenen etter ankomst.

Denne dagen har vore jevnt over betydeleg mykje roligare. Etter ei hektisk uke på East African Cup hadde me endeleg ein fridag. Etter anbefaling frå Peri så tok me turen til ein slangepark ein halvtimes kjøretur frå Arusha. Der har dei kvar sundag kl 1400, mating til slangane.. hehe! Levande påskekyllingar vart kasta ut i bura, og jakta på av hungrige black mambaer, puffadder, pytonslangar osv. Ikkje for å verta mistenkeleggjort for å vera dyrefiendtleg, men eg syns det var ganske facsinerande show.:)

No i kveld har me hatt eit godt måltid mat i saman med Bergen teamet. Dei skal vidare til Kenya i morgon med buss på humpete vegar. Masse lykke til i det arbeidet dei skal bedriva der!

Me har vore i ein kontinuerlig planleggingsfase av seminara me skal avhalda no dei 3 neste dagane, og det var ein befrielse til å få denne fridagen til å gjer nokre av dei komplette, og klar til utprøving i morgon.

Kjersti har no blitt mykje betre i kroppen, og det takkar me sjølvsagt for. Takk for forbøn!

Biletet nedanfor, som foreløpig er det einaste, visar ankomst til Arusha for litt over ei veke sidan. Me har framleis litt tekniske problem med å få lasta opp bilete, men me jobbar kontinuerlig med saka.

Dette får vera nok for denne gong, men følg med, plutseleg ligg det ein haug med spanande bilete på bloggen!

Mungu akubariki, alle KRIKarar!!





2 kommentarer:

Malene sa...

Minnar meg om songen:

"Hele veien har han lovet vere med"

Salme 37.5

Marit sa...

Hei Afrikafararar!
Godt at det gjekk godt med med dykk, var skummelt med den steinen!
Spanande å lesa om kva de gjer og kva de opplever:) De gjer ein god jobb! Tenkjer mykje på dykk!

Kjenner til at det kan vera vanskeleg med å få bileta på bloggen;)