fredag 5. juni 2009

CHRISCs utreiseteam frå Rogaland 2009


For de som oppdaterar dykk kvar dag på denne bloggen i håp om at det skal skje oppdateringar, så har det ynskje no blitt oppfylt. Men eg reknar med at de har gitt opp for lenge sidan, så dette avsnittet trengte eg vel strengt tatt ikkje skreve.

Uansett, no er eit nytt team snart klar for utreise, og det vert utruleg spanande. Om litt over 2 veker så er me på vingene på veg ned til Afrika, Tanzania, nærare bestemt Arusha.

Der skal me i 3 veker bli kjent med lokalbefolkningen, vera heiagjeng på ein stor fotballcup i regi av CHRISC, avhalda seminar, safari og ferie. CHRISC står for "christian sportscontact". Idrett samlar, og det er ein unik måte å få menneske til å koma nærare det som me trur på, nemleg Gud vår Far i himmelen. Det trur eg samtlige KRIKarar har erfart gjennom det arbeide KRIK gjer. Eg trur me alle i teamet føler eit stort privelegium å få moglegheita til å ta denne turen. Eg gler meg som ein bitte liten unge!!

Dette er bloggen som me skal prøva å bli flinke til å bruka. Det er ikkje sikkert me kjem til å bli flinke, men me skal prøva så godt som me kan. Erfaringsmessig frå tidligare utreise så er vel planane om oppdateringar ofte meir ambisiøse enn realistiske. Så me held oss på ei realistisk linje. Eg seier ikkje meir om det.:)

Utreiseteam 2009 består av Anneli Pohl, Runar Eike Toft, Kjersti Ofte Jakobsen og Gjermund Vassbø.

Litt info m/ bilde kjem fortløpande!! Håpar eg..:)

Ingen kommentarer: